Selje haustfjell(1).jpg
Småikon skriver skrift kart lyd Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkartLes teksten høgt
 
Informasjon Publisert 03.09.2010
Lyset frå Selja 04

For å få med deg siste dagen av Sunnivafestspela må du stå opp tidlig og legge deg seint.
 
Dagen startar med
Pilegrimsvandring Dragseidet -Selje kl. 1030. Oppmøte på Dragseidet. Turleiar: Liv Stave, tlf. 95768617.  Arr.: Venner av Selja kloster
Frå kl. 12 kan du gå på torgdag i Selje sentrum. Her finn du smakebitar frå lokalt næringsliv og kulturliv. Emblakvinnene deltar også og fortel om sitt engasjement i Afrika og det nye prosjektet knytt til pilegrimsvandringar.
 
Frå kl. 1600: går båtane til Bø i skytteltrafikk. Siste tur til Bø kl. 1745
For personar som er bevegelseshemma: til klosteret kl. 18.30
Spesialpris : Vaksne 70 kr t/r til Bø og kr 90 t/r til Klosteret for bevegelseshemma, born under 16 år gratis, og alle må inn på turistinformasjonen for å få billett, også dei som går gratis.

På Selja ventar eit variert program.
- Guida turar:
1.  Den tøffe vegen rundt på sørsida av øya.
            Dei som vil gå denne ruta, MÅ med den første båten over til Bø.
2.  Den beine vegen  på nordsida av øya, den vanlege vegen ut til klosteret.
 
- Kulturløype:
Først eit lite program medan folk samlar seg.
Familieoppgåver. Premie til beste famlie.
 
- Program i klosterruinane: Sta. Sunniva - segna i ord og tonar.
Medvirkande: Elin Grytting, Paula Fure, Svein Westad
Billettar kr. 150,-
 
Det heile avsluttast i  med fredsappell i regi av Emblakvinnene.
Så går turen tilbake til Selje med Klosterbåten frå Bø.
 Berre dei med handikapbevis og aktørar vert med båten direkte inn til Selje. ALLE ANDRE må gå stien til Bø..
Kl. 2130 vert det arrangert fakkeltoget til Selje kyrkje over Seljesanden.
Dagen og Sunnivafestspela avsluttast med keltisk prega kveldsmesse i kyrkja.
 

     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no